Jondal Turistkontor

Fodnastølsfossen
English pages Norske sider

 

Merka turstiar i Jondal kommune

Fritidsaktivitetsteamet i Folgefonnlandsbyen Jondal og Jondal Idrettslag har gjort ein svært god jobb med å merka/skilta 35 ulike turstiar i Jondal. Alle turane er blitt gradert etter vanskegrad og markert på eit turkart. Graderinga fylgjer Innovativ fjellturisme AS sin standard, les meir om denne på www.fjellturisme.no. Les også om graderinga og ansvar

Turkartet kostar 150 NOK og kan kjøpast på daglegvarebutikkane i Jondal og på turistinformasjonen, Juklafjord. Du kan også bestille kartet ved å velgje "Kjøpe kart" i menyen til høgre. Kartet har målestokk 1:50000 og ein bør absolutt ha med seg dette på tur.

Dersom du vil ha hjelp med navigasjonen kan ein låne GPS gratis mot depositum på 1500 NOK på Juklafjord. Du kan også laste ned Lommekjent App til mobiltelefon, laste ned ruta og bruke den som GPS (avhengig av mobiltelefon modell).

Finn du feil på websider, GPS spor, manglande merking osv. sett me stor pris på tilbakemelding. Har du fine bilder frå nokon av turane legg me dei gjerne ut på websida. Ta kontakt på post@visitjondal.no

Alle 35 turane frå turkartet er no tilgjengelege på web (sjå liste under). Turane er nummererte på same måte som på kartet, og tur nr. 1 lengst nord og tur nr. 35 lengst sør i Jondal Kommune. Ein kan enkelt sortere turar etter vanskegrad i menyen til høgre. Velkommen på tur i Jondal!

Jondal har også flott skiterreng, vil du gå i skispor har Jondal idrettslag lysløype på Storemyr og løype frå Djupadal til Fodnastøl, sjå film her

Tur nr. 1 Åsleite-Samlen Krevjande 3 timar, tur og retur
Tur nr. 2 Kulturstien lett 1 time, rundtur
Tur nr. 3 Våhaug-Vatnasetenuten Krevjande 4 timar, rundtur
Tur nr. 4 Langaskarv-Såta Middels 2-3 timar, rundtur
Tur nr. 5 Våhaug-Tostøl Middels 4-5 timar, tur og retur
Tur nr. 6 Solhaug-Fodnastøl-Vatnasete Middels 3 timar, rundtur
Tur nr. 7 Strondi-Haugsvarden Middels 3 timar, tur og retur
Tur nr. 8 Svåsand-Vassenden Middels 2-3 timar, ein veg
Tur nr. 9 Vassenden-Vatnasete lett 2 timar, ein veg
Tur nr. 10 Vassenden-Dåren Middels 2 timar, ein veg
Tur nr. 11 Kvåle-Vassenden Krevjande 2 timar, ein veg
Tur nr. 12 Botsvatn-Jonstein Krevjande 4 timar, tur og retur
Tur nr. 13 Botsvatn-Dåren Middels 1,5 timar, ein veg
Tur nr. 14 Pilegrims-vegen Expert 8 timar, ein veg
Tur nr.14b Buførevegen Expert 8 timar, ein veg
Tur nr. 15 Dravladalsdammen-Saksaklepp Krevjande 4-5 timar, tur og retur
Tur nr. 16 Hestadalen-Breidsete Krevjande 4-5 timar, ein veg
Tur nr. 17 Storemyr-Flatabøgryting Middels 2 timar, ein veg
Tur nr. 18 Poestien Middels 2 timar, rundtur
Tur nr. 19 Fonnavegen-Gjetingshaugen lett 1,5 timar, tur og retur
Tur nr. 20 Hellebrotet-Jonahorn Middels 2 timar, tur og retur
Tur nr. 21 Selsvik-Gullbergnotten Middels 1,5 timar, ein veg
Tur nr. 22 Pineskår-Gullbergnotten Krevjande 2 timar, , ein veg
Tur nr. 23 Elvastien lett 0,5-1 time, rundtur
Tur nr. 24 Sætveit-Vikanuten Expert 5 timar, rundtur
Tur nr. 25 Sætveit-Breidsete Krevjande 3-4 timar, , ein veg
Tur nr. 26 Breidsete-Freddal lett 2-3 timar, tur og retur
Tur nr. 27 Torsnes-Vassvikane lett 1,5 timar, ein veg
Tur nr. 28 Vetlavatnet-Breidsete Middels 2-3 timar, , ein veg
Tur nr. 29 Breidsete-Glomsdalsskardet Expert 7 timar, tur og retur
Tur nr. 30 Torsnes-Daurmålsdalen Krevjande 5-6 timar, tur og retur
Tur nr. 31 Gangdal-Grønrimb Middels 1,5 timar, ein veg
Tur nr. 32 Grotnes-Grønrimb Middels 2-3 timar, ein veg
Tur nr. 33 Kysnes-Grønrimb Middels 2 timar, ein veg
Tur nr. 34 Hammaren-Grønrimb Krevjande 3-4 timar, ein veg
Tur nr. 35 Gausvika-Grønrimb Middels 2-3 timar, ein veg
Turmeny:
lett Lett
Middels Middels
Krevjande Krevjande
Expert Ekspert
Vandring Alle turar
   
Kjøpe kart Kjøpe kart

 

 

Contact information