Jondal Turistkontor

English pages German seite Norske sider

 

Hardanger Kulturgalleri -Kunst og kultur i Herand i Hardanger

Heimeside: www.kulturgalleriet.no

Omkransa av fantastisk kulturlandskap og med panorama fjordutsyn ligg Hardanger kulturgalleri som ei perle. Eit besøk her gjev opplevingar i mange dimensjonar. Kulturgalleriet er ope dagleg gjennom heile sommarsesongen mellom klokka 11 og 17 (måndag stengt). Dette er eit levande galleri, med moglegheit for mat og drikke samt overnatting.I verkstaden kan ein få kurs innan trearbeid, utført reprasjon av tregjenstandar, eller omvisning.

Kunstnaren

Kunsthandtverkar Arne Bakke Mælen lagar prydgjenstandar i tre. Alle gjenstandane er handlaga. Det vil derfor ikkje finnast nokon som er like. Han er sjølvlærd, har studie av tredreiarfaget som kunsthandverksfag sidan 1992. Ellers 2-årig utdanning innan byggfag 1976-78. Er medlem av Harding Puls.

Kvar

Hardanger Kulturgalleri ligg ca 20 km. nord-aust for Jondal ferjekai i retning Utne-Odda. Hit kan ein også koma sjøvegen på fine dagar. Frå kaien er det ein fin gangveg på ca 10-15 min. opp til galleriet. Sjøvegen blei nytta til all ferdsle fram til 1977.

Om

Hardanger kulturgalleri stod ferdig i 2005, og er eit nytt bygg oppført i kombinasjon av gamal og ny arkitektur/ byggjestil. Her stod det tidlegare ei gamal løe frå ca. år 1750 +/-. Grunnlaget for nybygget var eit sterkt aukande behov for ein ny tredreiarverkstad på garden.

Kulturgalleriet ligg som ein del av eit gamalt “rekkjetun” med bygningar frå ca. 1500/1600 og fram til i dag. Rekkjetun er det svært få att av i landet. Det har såleis historisk verdi, både på lokalt og nasjonalt plan. Prosjektet vart påbegynt i 1998, og starta med opprensking og tilrettelegging av parkeringsplassar for bilar, og snuplass for bussar. Alle murane som er oppførde, har stein som er funnen på garden og områda rundt. Det er over 800m2 ny tørrmur, og det viktige har vore å få dei nye murane til å gli inn med dei gamle som var oppførd for fleire hundre år tilbake. Det aller meste av materialane er hogd på garden.

Til oppvarming blir det nytta flis frå verkstaden. Denne går gjennom eit forbrenningsanlegg og varmar opp bygget, samt vatn til kjøkken og dusj/bad. Dette er eit heilautomatisk lukka system etter eigen idè.

Kulturlandskapet

Rundt Kulturgalleriet finn ein eit heilt særmerkt og spennande område. Her er stiar og fornminne frå ulike tids-epokar, fauna, dyre og fugleliv og anna, noko bileta viser.

Konsertar og utstillinga

Gjennom heile året kjem det flotte artistar til kulturgalleriet. Artistar vert annonsert lokalt og på deira nettside. Det vert også sett opp ulike kunstutstillingar.

Opningtider og kontaktinformasjon

Ope for grupper heile året. Ope for turistar dagleg (utanom mandag) frå klokka 11 til klokka 17 (15.06-20.08).

Web: www.kulturgalleriet.no , E-post: post@kulturgalleriet.no, Telefon: 53668930 / 92204607 / 92093121

.

 

 

Contact information