Jondal Turistkontor

Juklafjod
English pages German seite Norske sider

 

Juklafjord
Juklafjord er eit aktivitet og kunnskaps hus som ligg midt i Jondal sentrum. Her finn du tuistinformasjon for Jondal kommune, kafe Juklafjord, utleige av kajakk og sykkel, kundesenter for Folgefonni Breførarlag og kunnskapsutstilling om Folgefonna og Fjordbygdene.

Historia til huset
Huset er bygd i Sveitserstil med Solesnes heller på taket har lang historie med aktivitetar og formidling av kunnskap, huset blei bygd i 1895 og var skule for Jondalsborna fram til 1961. Etter den tid har det vore kommunal barnehage og ungdomsklubb i huset. Jondal Røde kors og Jondal Husmorlag har også nytta huset til deira aktivitetar. I 2009 overtok Folgefonni Breførarlag huset, og flytta det ca. 100 meter til ny tomt mot sjøen i sentrum. Huset måtte flyttast fordi Coop skulle utvida sine lokale. Etter flyttinga er huset restaurert og fungerer no som base for Folgefonni Breførarlag sine aktivitetar.

Turistinformasjon
Her får du all den informasjonen du treng for å oppleve Jondal på sitt beste. I staden for å bli møtt av ein vegg av brosjyrar vil ein av dei tilsette hjelpe deg å planlegge opphaldet ditt og finne det du treng av informasjon.

Kafe Juklafjord (Hardangermeny)
Her finn du lokal produsert mat og kaffi av høg kvalitet. Er været fint er det fin uteplass mot fjorden du kan kose deg på med kaffi koppen. Interiøret i kafen i gamal stil som skapar ei stemning som du seint vil gløyme. Det er også utsal av utvalgete produkt frå Hardanger i samband med kafen.

Kunnskapsutstilling
Juklafjord har status som innfallsport for Folgefonna Nasjonalpark. Det betyr at her finn du informasjon og inspirasjon til å oppleva Folgefonna Nasjonalpark. Kunnskapsutstillinga er basert på bokverket Folgefonna og Fjordbygdene utgitt av Nord4. Her kan du lære meir om fjordlandskapet, breen, klimaet og livet i bygdene no og i farne tider.

Kundesenter for Folgefonni Breførarlag
Aktivitetane til Folgefonni Breførarlag vert organisert frå Juklafjord. Her kan du leige deg kajakk, kano, sykkel, båt, GPS, få tur tips, og bestille breturar på heile Folgefonna. Me tar mål av oss å ha fyrstehandskunnskap om alt som skjer av aktivitetar i nasjonalparken.

Her kan du sjå film frå når huset vart flytta på spektakulær måte i 2009

l

Sal av varer frå Hardanger

Turistinfo

Flytting av huset

 

 

 

 

 

 

 

 

Contact information