|
|
Jondal
-Folgefonnlandsbyen
I Jondal
er den korte avstanden frå fjord til fonn den raude tråden i naturopplevingane.
Du byrjar dagen på breen og endar i kajakk eller ved bålet i fjøra
om kvelden. Både Folgefonna
Sommarskisenter og Folgefonni
Breførarlag tilbyr aktivitetar på og kring breen. Nytt
av året er Pilagutt
som opnar nye moglegheiter i Hardanger, no er fjorden igjen blitt
ferdselsveg og plass for store opplevingar. 25-27 juni 2010 er det
Handverksmesse
i Jondal, då er det yrande liv i bygda!
Nede ved fjorden kan du vandra kring i bygdene som er særprega av
sveitsarstilhus med helletak og velstelte frukthagar bundne saman
av smale grusgangar. I sentrum av sjølve Jondal finn ein blant anna
turistinformasjonen, daglegvarebutikkar, flotte badestrender, utleige
av syklar og kajakkar, GPS stiar, samt utleige av ulike båtar.
I Herand
Landskapspark er det turstiar, klatrevegg, Hardanger
kulturgalleri, helleristningar, båtbyggjarmuseum, oppgangssag
og Meieriet
pizzarestaurant. Både Jondal og Herand har trivlege gjestehamner
med tilgang på drivstoff for båtfolket og eit variert overnattings
tilbod, alt frå romantiske gardsstover til fjordnære rom.
Jondal turistinformasjon opna i nye lokale i 2009. Turistinformasjonen
vert no å finne i "Juklafjord", som er sentralt plassert midt
i Jondal sentrum. "Juklafjord" er eit sveitserstilbygg frå 1895
med mykje historie. Her har kunnskap blitt formidla i over hundreår.
Folgefonni Breførarlag, Jondal reiselivslag og Folgefonnlandsbyprosjektet
er ansvarlege for tilboda i turistinformasjonen i "Juklafjord".
Velkommen til Jondal
Nyttige telefonnummer i Jondal
|
Juklafjord er ope:
15.06-01.07: 09:30-16:00
01.07-15.08: 09:30 -18:00
|