Jondal Turistkontor

Båten bind Hardanger saman
English pages German seite Norske sider

 

Transport

Jondal kommune ligg i ytre Hardanger i Hordaland fylke på vestkysten av Noreg. Å komme seg til Jondal er ikkje så vanskeleg. Har du eigen bil er det ca 1,5 timers kjøretur frå Bergen, Oslo 6-7 timar, Stavanger 5-6 timar, Haugesund 3-4 timar. Det går dagleg buss Bergen - Herand - Jondal - Folgefonna gjennom heile sommaren. Kjem ein frå Bergen må ein ta ferje Tørvikbygd-Jondal.

Om ein ikkje har eigen bil kan ein komme til Jondal med buss. Bergen-Jondal er det dagleg korrospondanse. Haukeliekspressen tek deg austanfrå til Jondal.

Om du er langs Hardangerfjorden kan Pilagutt plukke deg opp og transporte deg til Jondal, eller om du er i Jondal kan Pilagutt ta deg vidare sjøvegen.

Det er dagleg offentleg transport Bergen-Herand-Jondal-Folgefonna, på www.skyss.no

Ferje ruter finn ein på www.norled.no

Om du treng hjelp kom innom Juklafjord, eller ring!

 

 

Pilagutt

 

Contact information