Jondal Turistkontor

English pages German seite Norske sider

 

Hardanger Kulturgalleri -Herand

Omkransa av fantastisk kulturlandskap og med panorama fjordutsyn ligg Hardanger kulturgalleri som ei perle. Eit besøk her gjev opplevingar i mange dimensjonar. Kulturgalleriet er ope dagleg gjennom heile sommarsesongen mellom klokka 11 og 17 (Måndag stengt).

Dette er eit levande galleri, med moglegheit for mat og drikke samt overnatting, i verkstaden kan ein få kurs innan trearbeid, utført reprasjon av tregjenstandar, eller omvisning .

www.kulturgalleriet.no , post@kulturgalleriet.no, Telefon: 53668930 / 92204607 / 92093121

les meir her..

Jondal kyrkje (Hardangerkatedralen) - Jondal

Jondal kyrkje er open kvar dag (ikkje guiding) mellom kl 10.00-20.00 i tida 14.juni til og med 14.august. Fri inngang, høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet. Alle tysdagar i juli månad er det orgelresitasjon / lunsjkonsert kl 11.30, med enkel kaffiservering i kapellet etterpå. Fri entrè, høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet. For meir info, sjå www.jondalkyrkje.no

Herand

Herands- bygda byr på eit sjeldant godt bevart kulturlandskap, både i bygda og i stølsmiljøa til fjells. Ein kan oppleve alt frå 9000 år gamle steinalderfunn til unike geologiske fenomen kalla trafoni. Her er tilrettelagde turar i terrenget som kan opplevast åleine eller med lokal guide. Tel. 53 66 85 31 / 53 66 95 00

Helleristingar-Herand

På Bakke i Herand like ved Rv 550 til Utne, finn ein om lag 150 særeigne helleristningar med unike menneskefigurar, offergroper og fruktbarheitssymbol frå bronsealderen. Informasjonsskilt på staden. Ver venleg ikkje trakk på eller riss inn i berget. Tel. 53 66 85 31

Jondal Skulemuseum - Jondal

I Årsand frå 1903. Sjå korleis eit skulehus frå oldefar si tid såg ut! Omvising for grupper etter avtale med turistkontoret. Tel. 53 66 85 31

Kvernhus i elvemiljø - Herand

Kvernhuset er restaurert og ligg i sitt opphavlege miljø. Nytta til maling av korn ved hjelp av vasskraft. Kverna kan startast etter avtale med Stiftinga Herand Aktiesagbruk. Tel. 97710810

Kjølhalingskjeret - Jondal

Frå ca. 1860, ligg i Jondal hamn som eit kulturminne frå jaktefarten. Nytta til kjølhaling av hardangerjaktene.

Naustrekkja på Svåsand - Jondal

Båtbyggjarnaust i rekkje, eit av desse er tømra. Døme på gamal kystkultur. Nokre av desse er restaurerte. Tel. 53 68 85 31

Oppgangssag i Herand - Herand

Båtbyggjing var tidlegare ei viktig næring i Herand og ei tilleggsnæring for gardane. Tømmeret vart skore på ei vassdriven oppgangssag. Saga var i full drift til slutten av 1970 grunna tradisjonsrikt kyst- og båtbyggjarmiljø i Herand. I 1992 vart saga restaurert. Ope: 19. mai-29. jun tor, kl. 11:00-12:00 Barn: NOK 20, Voksen: NOK 40. Tel. 97 71 08 10

Sveitserhusa - Jondal

Jondal har ei unik samling av sveitsarhus frå 1800- og 1900 talet. Ta turen på ein av dei mange grusvegane og sjå på husa med dei flotte helletaka, vindauga i krysspoststil og dei velstelte frukthagane. Tel. 53 66 85 31

Viketunet - Jondal

Flott gardstun frå 1600 - 1700 talet, 2 min. gange frå ferjekaien. Gammal lensmannsgard med sju hus, det eldste frå ca.1611. Inventaret i hovudhuset gjev inntrykk av at det framleis bur folk her. Omvising for grupper etter avtale med turistkontoret. Tel. 53 66 85 31

Akjerhaugen - Jondal

Friområde i Jondal sentrum med flott utsikt, bronsealderrøys, og minnebauta. E-post:post@visitjondal.no

Båtbyggjarmuseet - Herand

I eit av dei gamle nausta i båthamna Herand finn du båtbyggjarmuseet. Her er bygd opp ein tradisjonell gavlbåt frå Herand som illustrerer handverket. I tilegg er det ei rik samling av gammalt verktøy som var nytta i båtbyggjinga samt ei brei dokumentering av tradisjonen gjennom bilete og tekst. Ope på forespurnad. Tel. 53 66 85 31

 

 

 

Contact information