Jondal Turistkontor

 
English pages Norske sider

 

Alpint, snowboard, fjellski

I Jondal kan du stå på ski 365 dagar i året. På grunn av bilveg frå fjorden like opp til breen Folgefonna er ein sikra snø heile året. Om vinteren er det ca 10 meter snø ved Folgefonn Sommarskisenter, då finn du også snø lenger ned mot fjorden. Ca 1. mai opnar Fonna Glacier Ski Resort , og heldt ope så lenge det er snø. Sjå oppdatert informasjon på www.folgefonn.no. Sjå også film med skiakrobatik ved Sommarskisenteret her..

Særleg våren er flott for dei som likar å gå på fjellski. Folgefonni Breførarlag arrangerer Folgefonna på langs, Jondal-Rosendal i helgene i april og mai. Dette er ein fantastisk to-dagars tur med store kontrastar. Om ein ynskjer dagstur på Folgefonna, kan ein på eigahand fylgje kvista løype til toppen av Nordfonna 1644 moh (så sant denne er sjekka, ta kontakt for oppdatert informasjon). Ynskjer ein andre skiturar utanfor kvistaløype på breen bør ein kontakte Folgefonni Breførarlag.

Sommarskisenter har utleige av alpinski og snowboard.

Folgefonn Sommarskisenter, www.folgefonn.no

Folgefonni Breførarlag, www.folgefonni-breforarlag.no

 

 

 

Contact information