Jondal Turistkontor

English pages German seite Norske sider

 

Kajakkpadling

Hardangerfjorden byd på unike kajakk opplevingar. Før vegen kom langs fjorden var all kommunikasjon langs fjorden. Det er difor mykje spannande å sjå frå fjorden som ein ikkje ser om ein køyrer bil. Søkjer du urørt natur er det også råd å finne langs Hardangerfjorden.

Ein kan ta seg alt frå liten times padletur til fleiredagarstur. Jondal turistinformasjon har sett opp nokre turforslag. Det er også råd å leige seg GPS med førehandsprogrammerte kajakkturar.

Har du ikkje kajakk kan dette leigast hjå oss, er du erfaren kan du padle på eigahand, om ikkje har me padleinstruktørar.

Prisar:

Havkajakk (inkl. alt utstyr): 1-4 timar 500 NOK, 4-8 timar 800 NOK, 24 timar 1000 NOK, 48 timar 1500 NOK.

Padletur med instruktør (inkl. alt utstyr) 2-3timar (minimum 3 deltakar): 690 NOK pr. person.

 

Contact information