Jondal Turistkontor

English pages German seite Norske sider

 

Fiske/Båt tur

Jondal turistinformasjon organiserer utleige av ulike båtar. Å ta seg ein tur på fjorden er obligatorisk om ein vitjar Jondal. Jondal har svært lange båt tradisjonar. Jondøler var kjent som gode båtbyggjarar, men også gode sjømenn. Dei flotte sveitsarstil husa frå 1800-talet er synleg prov på at sjøfolk frå Jondal kom heim med godt med pengar i reisekista si. Det var særleg nordlandsfart som fekk Jondal på kartet som sjøfartskommune. Det var gode pengar i å segle nordover, kjøpe klippfisk, segle sørover att til Bergen, Haugesund , England og selje med god forteneste.

I farne tider før vegen kom langs fjorden måtte folka i grendene i Jondal komme sjøvegen til kyrkje. Då brukte dei ofte tiæringar, med moglegheit for å kunne segle. Jondal Kommune har ein kopi av ein slik kyrkjebåt. Denne er det råd å leige, eller vere med på faste turar kva torsdag gjennom heile sommaren.

Både i Jondal og Herand er det gode gjestehamner, det er ganske spetakulært å komme med båt inn fjorden, ha skia med og ta skibussen opp og stå på ski på Folgefonna! Sjå web side til Jondal båthamn

 

Båtar til leige (prisar inkl. redningsvestar):

15 fot plastbåt med 4 hk motor, 200 NOK pr. time, 500 NOK pr. døgn.

15 fot plastbåt med 10 hk motor, 300 NOK pr. time, 600 NOK pr. døgn.

24 fot Kyrkjebåt, tiæring, 100 NOK pr. time, 500 NOK pr. døgn.

Fiskeutstyr:

Fiskestang med sluksett, 100 NOK pr. time, 300 NOK pr. døgn.

Pilkesnøre, 100 NOK pr. time, 300 NOK pr. døgn.

 

Contact information