Jondal Turistkontor

Isklatring
English pages German seite Norske sider

 

Daglege aktivitetar

I Jondal har me eit breitt utval av aktivitetar. Her kan ein boltre seg i ulike naturelement, snø, blåis, vatn og fjell. Den unike nærheita mellom Folgefonna og Hardangerfjorden er spesiell for Jondal.

Dette gjev rom for å oppleve store kontrastar på kort tid. Kva med å stå nokre timar på alpint på Folgefonn Sommarskisenter for så å fiske sin eigen middag? Eller ta deg ein morgontur med kajakk på Hardangerfjorden før du tek sykkelen fatt og syklar til Utne og Utne Hotell. Etter ein god middag på Utne Hotell, tek du sykkelen med på båten tilbake til Herand. Der kan du avslutte kvelden med "Italiensk kveldsmat" i Meieriet . Eller vil du oppleve ei verd av blåis midt på sommaren? Eller kva med ein kveld med fjordcruise med Pilagutt på Hardangerfjorden? Skipparen veit kor fiskelykka er størst!

Dei ulike aktivitetane gjer at ein kan skreddarsy dagar fulle av aktivitetar som passar deg. Jondal er absolutt staden for deg som ikkje ynskjer å sitje stille, men oppleve noko! Jondal turistinformasjon hjelpar deg gjerne med å setje saman ulike aktivitetspakkar. Me kan tilby deg både organiserte aktivitetar og aktivitetar du kan gjere på eigahand. Her fylgjer meir informasjon om dei ulike aktivitetane.

Ta kontakt med turistinformasjonen om du ikkje finn ein aktivitet under som passar deg eller Dykk. Det er nemleg fleire aktivitetar i Jondal Kommune som ikkje er presentert under, dette fordi dei ikkje er daglege tilbod

Ski/alpint/snowboard
Breturar/Blåisturar/Isklatring
Vandring/merka turstiar i Jondal
Pilagutt Fjordcruise i Jondal, Pilagutt
Båt/fiske tur
Båt cruise
Kajakkpadling
Sykling
Fjellklatring
   
   
   

 

 

 

Contact information