Jondal Turistkontor

Juklavassbreen, Folgefonna, Jondal
English pages Norske sider

På tur? klikk her!

Trykk "Likes"!

 

Jondal -Nasjonalparklandsbyen

I Jondal er den korte avstanden frå fjord til fonn den raude tråden i naturopplevingane. Du byrjar dagen på breen og endar i kajakk eller ved bålet i fjøra om kvelden. Både Fonna Glacier Ski Resort og Folgefonni Breførarlag tilbyr aktivitetar på og kring breen. Båten Pilagutt opnar nye moglegheiter i Hardanger, no er fjorden igjen blitt ferdselsveg og plass for store opplevingar.

Nede ved fjorden kan du vandra kring i bygdene som er særprega av sveitsarstilhus med helletak og velstelte frukthagar bundne saman av smale grusgangar. I sentrum av sjølve Jondal finn ein blant anna turistinformasjonen, daglegvarebutikkar, flotte badestrender, aktivitetspark for born, kunstgrasbane, sandvolleyball bane, minibank, utleige av syklar og kajakkar, GPS stiar, samt utleige av båt.

I Herand Landskapspark er det turstiar, klatrevegg, Hardanger kulturgalleri, helleristningar, båtbyggjarmuseum, oppgangssag og Meieriet pizzarestaurant. I Herand finn du også firmaet Kramsjø som har mange spennade aktivitetar og utleige av sykkel.

Fjellet i Jondal byr på eit mangfald av naturopplevingar. Her finn du garantert ein tur som passer deg. 35 ulike turar i Jondal er merka og med på eit turkart som er laga for Jondalkommune. Detaljert informasjon om turane er komme på web, sjekk ut web sidene og la deg inspirera til å gå til fjells!

Jondal har også flott skiterreng, vil du gå i skispor har Jondal idrettslag lysløype på Storemyr og løype frå Djupadal til Fodnastøl, sjå film her

Både Jondal og Herand har trivlege gjestehamner med tilgang på drivstoff for båtfolket og eit variert overnattings tilbod, alt frå romantiske gardsstover til fjordnære rom.

Turistinformasjonen i Jondal finn du i Juklafjord som ligg sentralt plassert i sentrum, opningstider 2018:

Mai: Ope tysdag-laurdag 10-16 (stengt 17 mai)

Juni: Ope alle dagar frå 10-16

Juli: Ope alle dagar frå 10-17

August: Ope alle dagar frå 10-16

September: Ope tysdag-laurdag 10-16

Nyttige telefonnummer i Jondal, her er kulturkalender for Hardangerkommunane

Du finn mykje informasjon om Jondal og Hardanger på www.hardangerfjord.com
, og i Hardangerguiden

Fonna Glacier ski resort

Kajakk på Hardangerfjorden

 

 

 

 

 

 

 

Contact information